Fjellvåk guiding AS
Innerst i Nordfjorden, mellom stupbratte fjell og isbrear, finn du Olden og Oldedalen.
Eit fantastisk utgangspunkt for sykkel og fjellturar.
Etter Bendik Kvamme var ferdig utdanna naturguide ved Høgskulen i Volda, vart Fjellvåk starta med eit mål om å vise Nordfjord sitt fantastisk fjordlandskap til deg som er glad i natur.
Visjonen vår
Målet med Fjellvålk guiding er å skape dei beste naturopplevingane for gjester i Nordfjord.
Vi vil difor strekke oss langt for at du skal bli fornøgd med opplevinga du får.
Kvalifiserte naturguider
Fjellvåk guiding AS bruker kvalifiserte naturguider som er medlem av Norsk naturguideforbund eller guider som har anna relevant kvalifikasjon. Vi følger derfor profesjonsstandard for naturguider.
Våre sykkelguider er sertifiserte sykkelinstruktører og guider på minimum nivå 1 gjennom mtb intstuktør guide eller anna relevant sertifisering
@Jakob Kvamme
Kven er Fjellvåk guiding?
Mitt navn er Bendik Kvamme, eg er født og oppvokst mellom isbrear og bratte fjell i Oldedalen. Eg har så lenge eg kan hugse vandra i fjella i heimdalen min.
Eg er utdanna naturguide, og brenner for å ta vare på naturen vår. Difor har eg starta firmaet Fjellvåk guiding AS. Eg ønsker at så mange som mulig skal få oppleve den samme gleden av å vere ute i naturen som eg gjer.
Du kan derfor vere trygg på at eg skal gjere mitt ytterste for å vere den beste naturguiden på markedet.